PHBU Møre og Romsdal

PHBU Møre og Romsdal

Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge

Høgt nivå og likeverdigheit på tenestene vi gir til pasientane våre er særs viktig for avdelinga.

Tilbodet til pasientane er tverrfagleg og vi legg stor vekt på deltaking frå pårørande og andre viktige personar for pasienten der dette kan vere til nytte. Vi samarbeider også med barnehage, skule mv. i heimkommunen, herunder aktiv oppsøkjande verksemd i kommunane.

Våre tilsette skal i stor grad vere spesialistar på sine fagområde. Derfor er  vidare- og etterutdanning av våre tilsette  ei  prioritert oppgåve i klinikken.

Med utgangspunkt i at vi er organisert i ein klinikk som gir teneste både innan somatikk, habilitering og psykisk helsevern, har vi gode mulegheiter til å gi pasient og pårørande eit heilskapleg og kvalitetsmessig godt tilbod. Dette inneber også å leggje vekt på dei positive sidene med barnet/ungdomen.

Organisering

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge (PHBU) er organisert i Klinikk for kvinner, barn og ungdom i Helse Møre og Romsdal. Den består av:

  • Fire poliklinikkar (BUP) – i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda.
  • Ein fylkesdekkjande sengepost for ø-hjelp – Ungdomspsykiatriske sengepost i Ålesund. UPS  har 10 sengeplassar med åtte for akutt hjelp og to intermediære plassar.
  • Ein familieseksjon i Molde. Tilbod for heile fylket, innlegging to familiar med tre veker opphald. Eigen barnehage og skule inngår.

pastedGraphic_1.png

Nokre tal

Det er om lag 48000 barn/ungdom under 18 år i Møre og Romsdal.  Poliklinikkane hadde 1893 tilvisingar og 3305 aktive saker i 2015. Dette utgjer ca sju prosent av populasjonen under 18 år.

Det er 170 bruttoårsverk i avdelinga med eit budsjett på kr 141,3 mill.

Fagutvikling 

Stort fokus på likeverdige tenester til barn/ungdom og familiane, uavhengig av kor dei bur i fylket. 

Utgreiing og behandling av dei fleste psykiatriske lidingar i barne- og ungdomsalderen blir gjennomført i dei fire lokale poliklinikkane. Det er utvikla fleire felles pasientforløp for nokre av dei mest vanlege tilstandane som ADHD og autisme.

Eit av våre fokusområde er å sikre god forutsigbar pasientflyt for dei mest alvorleg sjuke ungdomane som av og til treng innlegging på sengeposten. Nært samarbeid mellom dei akutte teama og sengeposten er ein føresetnad for dette. Akutt-teama har også ansvaret for vår ambulante verksemd med mål om å behandle på lavast mogleg nivå og unngå innlegging på sengepost.

Poliklinikkane jobbar tett saman for å utvikle et felles fagmiljø, særleg for sjeldne eller mest alvorlege og kompliserte tilstandar som til dømes tvangslidingar (OCD). I avdelinga er det oppnemnt ressursgrupper for spiseforstyrring, personlegdomsforstyrring og for vurdering og behandling av voldsrisiko/seksuell avvikande åtferd. Desse lokale fagnettverka arbeider saman med det regionale miljøet.

Samarbeid med kommunane 

Kvalitet i alle ledd 

Prosjektet «Kvalitet i alle ledd» – eit samarbeidsprosjekt mellom BUP, barnehabilitering og fire kommunar på Nordmøre og Romsdal. Mål: Utvikle gode samarbeidsrutinar slik at barn og unge med samansette vanskar og behov får så god og samordna hjelp som mogeleg. Eit av resultata i prosjektet er eit diagnoseuavhengig samhandlingsforløp med tre hovudkomponentar: 1) ein forløpsprosess som viser ansvar og oppgåver for ulike aktørar, 2) ein søkbar informasjonsbank, og 3) familiemøtet- ein møteplass i kommunen for familie, kommunale fagpersonar og BUP, med mål å finne rett behandling til rett tid og på rett plass.

Mission possible

På Sunnmøre implementert «Mission possible» som ei permanent arbeidsform mellom kommunene og statlige etater som helseforetak, BUF-etat og politi. ein har valt å satse på i regionen som legg til rette for løysing av komplekse samhandlingsutfordringar. Arbeidet blir drive gjennom nettverk, som m.a. kjenneteiknast ved at det å oppnå felles mål saman med andre likeverdige aktørar med ansvar inn mot problemstillinga er ein viktig drivar.

Klinisk samhandlingsutval

Avdelinga deltar i Klinisk samhandlingsutval som har mål om å styrke tilbodet særleg for brukarar/pasientar med behov for koordinerte tenester og langvarig oppfølging og samarbeid mellom fagpersonell med ulik fagbakgrunn og organisatorisk tilknyting. Å sikre ei heilskapleg og samanhengande helse- og omsorgteneste har sitt utspring frå samhandlingsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i fylket, så utvalet har brei deltaking frå ulike fagfelt for barn og unge frå kommunane og føretaket.

Pasientforløp

Vi har følgjande offentlege pasientforløp: Samordning av hjelpetilbod for barn og unge, Akutteam PHBU, Spiseforstyrring, OCD og ME (saman med barneavdelinga). Forløp om autismespekter og ADHD er under arbeid.

Brukarundersøking

Klinikk for barn og unge, herunder vår avdeling, gjennomførte i fjor ei brukarundersøking retta mot pasientar og pårørande. Vi vidareutvikla tre spørjeskjema; for barn 6-11 år, ungdom 12-18 år og til foreldre/pårørande. For dei minste barna brukte vi smilefjes og intervju, og hausta viktig erfaring og relevant informasjon. Tidsintervallet var to veker, gjennomføring rett etter behandlingstime, og planen er tilsvarande undersøking i 2017.

 «Min stemme teller» – brukar spør brukar (planlagt vår 2017)

Dette er eit  metodeutviklingsprosjekt som handlar om brukarmedverknad for  barn og unge i ein pasient- eller klientrolle. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle ein metodikk for reell medverknad. Det er ønskjeleg at dette prosjektet skal kunne bidra til å oppfylle den statlege målsettinga om at barn og unge si erfaring og synspunkt bør stå sentralt i utviklinga og gjennomføringa av gode tenester, og at brukarmedverknad for denne gruppa bør etablerast som praksis både på system- og individnivå.

I 2015 gjennomførte Kompetansesenter for brukarerfaring og tenesteutvikling i Midt-Norge (KBT Midt-Norge), i samarbeid med Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) ved St. Olavs Hospital, Redd Barna Region Midt og Mental Helse Ungdom, ei evaluering av det polikliniske tilbodet for brukarar av BUP St. Olav, mellom 16 og 18 år. Dette var ein pilot av prosjektet Min stemme teller, og blei definert som eit kvalitetsutviklingsprosjekt. Erfaringane frå prosjektet var berre positive. Vi ønskjer no å vidareføre prosjektet og å innhente fleire erfaringar ved å gjennomføre same design ved andre barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar i Midt-Norge.

Vi har mål om å prioritere ungdomar som treng oppfølging både på sengepost og poliklinikk, og ha fokus på forbetring av eit samanhengande behandlingstilbod.

Forskingsprosjekt

«A follow-up of child and adolescent outpatients with ADHD: family characteristics, informant agreement, clinical outcomes, and service needs”, ved psykologspesialist Henrik Sollie.

Ein klinikkstudie av 48 barn, ein retrospektiv oppfølgingsstudie av 214 barn med ADHD-diagnose, gjsn. 3,7 år etter diagnose, og ei kvalitativ intervju-undersøking med foresatte.   Fire artiklar publisert i internasjonale tidsskrift. Tematiske område: informantskilnader mellom mor, far og lærar, symptombelastning og funksjonssvikt ved oppfølgingstidspunkt, behandlingsnøgdheit og udekka hjelpebehov ved oppfølging, foreldre og familiekarakteristika relatert til kliniske sub-grupper og symptomprofilar.

Lise Reindal i aktuell PhD-prosjekt: «The relationship between symptom severity and functional impairment in children with autistic symptoms».

I avdelinga og i fagfeltet elles har vi aukande fokus på kvalitet og utgreiing, diagnostisering og ikkje minst behandling av nevropsykiatriske lidingar. Rapport frå ei  intern arbeidsgruppe i Klinikk for barn og unge frå 2014 viste stor ulikskap i forekomst av diagnostiserte autismespekterlidingar i opptaksområdet, noko som vi meiner mellom anna kan kome av ikkje samstemte vurderingar med tanke på diagnostiske kriterie.

Tilråding og iverksetting av naudsynte behandlingstiltak saman med kommunale tenester for denne gruppa krev grundig vurdering av individuelt funksjonsnivå i tillegg til ein eventuell diagnostisk konklusjon.

Det er inngått ein samarbeidsavtale med nasjonal multisenterstudie BUPgen, som inkluderer barn både frå psykisk helsevern og frå habilitering. Dette er eit viktig bidrag til å fange opp barn og ungdom, den såkalt «gråsone» mellom ulike einingar i spesialisthelsetenesta.

Gro Poulsen